tirsdag 22. februar 2011

Nynorsk!

Sjekk boka Norsk på 30 dager. Det er ei handbok for privatistar som tek norsk på eigahand, men vil òg vera nyttig for elevar.
Du kan kjøpa boka her 
Som privatist skal du skriva både hovud- og sidemål, og for 90 % vil då sidemålet vera nynorsk. For elevane trur eg om lag 50% vert trekt ut til skriftleg sidemålseksamen. Dette er sjølvsagt ei utfordring i og med at dei fleste knapt les noko i det heile på nynorsk. På skulen skriv ein nokre tekstar i løpet av året, men det er ikkje som med bokmålet, at ein møter det heile tida. Ein må altså leggja ein slagplan slik at ein får språket opp på det nivået ein treng. Er det nok å få ståkarakter, treng ein å gjera litt, men ikkje så veldig mykje. Skal ein ha 4 eller betre, må det målretta og systematisk innsats over tid til.

Tips: du finn eit godt oversyn over det nynorske formverket på Språkrådets sider. Det er du som må gripa fatt i dette. På NTNU sine sider finn ein óg videoførelesningar (sjå biletet ovanfor) som det er smart å bruka tid på. Nynorsknøkkelen til Fagbokforlaget er grei å ha når ein skriv.
Når vi ikkje møter på nynorsken i det daglege, så må vi oppsøkja han. Les nynorsk minimum 15 minutt minimum to gonger i veka. På Nynorsksenteret sine sider, får ein tips til tekstar.
Dei siste tre åra har eg lært meg spansk. På same måte som deg, har eg måtta oppsøkja språket. Med Internett er ikkje det spesielt vanskeleg. Difor har jeg lese og høyrt spansk mest kvar dag.
Men ikkje berre les, skriv nynorsk óg. Ha ein studieblogg, der du kvar veke skriv ein tekst på nynorsk. Slå opp når du er usikker. Det er ikkje nok å skriva eit par tekstar kvart halvår. Så bør du sjølvsagt få råd og rettleiing. Høyr med ein norsklærar kva han/ho tar for nokre timar med rettleiing.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar