søndag 17. desember 2017

Eksamensoppgaver i norsk sidemål høsten 2017

Du skal svare på oppgåva i del A og på éi av oppgåvene i del B. Legg merke til at det står ein kommentar under kvar oppgåveinstruks. Kommentaren vil vere til hjelp for å løyse oppgåva.

Del A Kortsvarsoppgåve
Svaret bør ikkje vere på meir enn cirka 250 ord.
Vedlegg:
- «Redd verden. Litt hver dag», kampanje for Svanemerket, Adresseavisen 09.09.2016
Gjer greie for formålet med den samansette teksten, og forklar kva for verkemiddel som skaper patos.
Kommentar: Du skal svare på ein presis måte og bruke relevant fagspråk. Du skal skrive om både verbalteksten og biletet.

Del B Langsvarsoppgåver
Skriv nummeret på den oppgåva du vel, og lag overskrift sjølv.

Oppgåve 1
Vedlegg:
- «Förlåt dig själv» av Jonas Gardell, frå albumet Nästan vackra, 2006
- «Du oppdagar marebakken i latteren min» av Marianne Clementine Håheim, frå Bilydar, 2012
- «Selfie» av Trygve Skaug, 2017, Instagram
Samanlikn dei tre vedlagde dikta. Vurder til slutt om tekstane er aktuelle for ungdom i dag.

Kommentar: Oppgåva er todelt. I den første delen skal du skrive om både form og innhald og bruke relevant fagspråk. I den andre delen skal du vise evne til sjølvstendig refleksjon.

Oppgåve 2
Vedlegg:
- «Å, så vakker dialekt du snakkar» av Jon Peder Vestad, frå antologien Snakk om språk, 2008
- «Om nordmenn og andre ordmenn» av Erlend Lønnum, Språknytt 2/2017
Skriv ein resonnerande tekst der du reflekterer over kva for haldningar og verdiar språket kan uttrykkje. Bruk dei vedlagde tekstane når du skriv.

Kommentar: Det skal komme tydeleg fram av svaret ditt at du bruker synspunkt og eksempel frå begge tekstvedlegga. Du kan også bruke andre eksempel.

Oppgåve 3
Vedlegg:
- «Ørnejenta» av Erna Osland, frå Gullfalken. Ni nye eventyr, 2016
Tolk teksten, og forklar korleis trekk frå folkediktinga blir brukte.

Kommentar: Du skal skrive om både form og innhald i teksten og bruke relevant fagspråk. Du skal også bruke kunnskap om folkediktingstradisjonen. Vis til konkrete eksempel frå teksten når du skriv.

Oppgåve 4
Vedlegg:
- Utdrag frå Kristin Lavransdatter av Sigrid Undset, 1920
Tekstvedlegget er eit utdrag frå det første bindet i trilogien Kristin Lavransdatter, eit historisk romanverk som er skrive i den perioden vi kallar nyrealismen.
Grei ut om korleis forholdet mellom dei tre personane blir framstilt i tekstvedlegget, og forklar kvifor teksten er typisk for nyrealismen.

Kommentar: Oppgåva ber ikkje om ei fullstendig tolking, men du skal analysere forholdet mellom dei tre personane i teksten. Bruk relevant fagspråk og konkrete eksempel frå tekstvedlegget når du skriv.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar