onsdag 5. april 2017

Kortsvar norsk sidemål hausten 2016

Del A Kortsvarsoppgåve  (hausten 2016)
Svaret bør ikkje vere på meir enn cirka 250 ord. 
Vedlegg: 
− «Før i tiden utsatte vi oss for stor fare uten å forstå det», Magasinet Dagbladet, 16.07.2016 

Denne samansette teksten er ein del av ein kampanje frå Helsedirektoratet. Gjer greie for formålet med teksten, og forklar korleis dei ulike retoriske appellformene er brukte. 
Kommentar: 

I svaret ditt skal du vise at du forstår og kan forklare bruken av dei retoriske appellformene og funksjonen dei har i den samansette teksten. 


(presentasjon av teksten)
Denne samansette teksten stod i Magasinet, eit bilag til avisa Dagbladet, sist sommar. Siktemålet med teksten er å åtvara mot å bruka for mykje salt i maten. 
(hovuddel)
Blikkfanget i annonsen er biletet  av ein røykande lege. Han fangar merksemda vår.   Å ha eit effektivt blikkfang er ein føresetnad for ein kan oppnå siktemålet, å få lesaren til å stoppa opp og bruka litt tid på reklamen.  Avsendaren, Helsedirektoratet, viser seg audmjuk. Helsepersonell  har faktisk teke feil før. Ein har  ikkje alltid hatt kunnskap  om dei skadelege verknadene av tobakksrøyking.  På ein autoritativ måte slår ein fast kva ein ikkje visste før, og kva ein veit no. Ein spelar her på analogi eller likskap. På samme måte som ein før ikkje trudde røyking var skadeleg, trur mange i dag at mykje salt ikkje kan ha alvorlege konsekvensar.  Helsedirektoratet i si rolle som eit statleg organ, gjer at  me reknar med at dei har ekspertise og vil vårt beste. Dette handler altså om etos.
 Teksten til høgre i biletet oppsummerer nøkternt kva nordmenn konsumerer av salt (dobbelt så mykje som ein reknar som sunt). Dette verkar faktabasert, både om kor mykje salt nordmenn et og dei verknadene dette kan ha (høgt blodtrykk, hjerte- og karsjukdomar og magekreft). Dette er logosargumentasjonen i teksten. Dei appellerer til vår sunne fornuft!
 Nok ein gong finn me eit  samspel mellom tekst og bilete. Den velta saltbøssa og den lille salthaugen gjentek og forsterkar informasjonen i teksten. Samstundes er det ikkje detaljerte forklaringar. Den som ynskjer meir detaljert informasjon, får det ved å gå til ei nettside. 
I kva grad spelar annonsen på kjensler? Det første er det eg allereie har vore inne på. Det ironiske bilete av ein lege som røyker har ein viss sjokkeffekt.  Ord som høgt blodtrykk og magekreft er skremmande og spelar på frykt for sjukdom og død. Kven vil ikkje gjera det som er mogleg for å unngå desse alvorlege helseproblema? 
(konklusjon) 
På same måte som at me brukte lang tid for å skjøna kor skadeleg tobakken er, treng me kanskje og litt tid på å leggja om kosthaldet til å bruka mindre salt?

(Teksten er litt for lang (ca 300 ord) , og burde nok verta redigert noko ned)


Disponering av tid på ein eksamen eller heildagsprøve


Ikkje vent med kortsvaret til slutten av dagen. Då er du antakeleg trøytt.  Slik kan du gjera:
1. Studer kortsvarsoppgåven, noter ned stikkord. Hugs, kva vert det  spurt etter? 
2. Les gjennom langsvarsoppgåvene - vel ei av oppgåvene. Lag disposisjon (stikkord). Hugs å lesa oppgåveformuleringa nøye. Kva er det dei spør etter? 
3. Gå tilbake til kortsvaret - skriv det ferdig
4. Skriv ferdig langsvarsoppgåva.
5. Revider og sjekk rettskrivinga, formuleringar osv. 
Gå ut i sola - spis ein is. Det har du fortent!

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar